Kva tid våren kjem på, kjem likevel mest an på breiddegraden ein er på, dessutan høgda over havet. I snøfrie område på den nordlege halvkula kan våren koma i februar, medan han ikkje kjem før i juni i polare område og i høgfjellet.
Klimatisk definisjon
I klimalæra vert gjerne våren definert kvantitativt til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er mellom 0 og 10 °C og temperaturtendensen er stigande. Etter denne definisjonen varer våren 57 døgn i Oslo og 70 døgn i Tromsø.
Uvêr
Våren er ei tid der vêret endrar seg. Varmluft frå ekvatornære område møter kald luft frå polane eller enno snøkledde strok nær desse. Då kan ein få ekstremt vêr, alt frå uventa haglbyer (aprilvêr) til snøstormar og orkanar. I USA kjem soleis dei fleste tornadoane om våren. Snøsmelting fører òg til meir vassføring i elver, som i år med mykje nedbør kan leia til flaum. I Noreg er Vesleofsen på Austlandet rundt 1. juni 1995 eit døme.
Vokster
Våren er likevel helst ei årstid ein tenker på i samband med von og vokster. Om våren kan ein byrja å planta og sjå at det gror. Våronna tek til i jordbruket. Det er ei tid som kan feirast med grøderitual, som me til dømes ser restar av i moderne påskefeiring.
Kultur
Våren blir feira med ei rekke høgtider. I mange kulturar har det nye året byrja om våren. I Noreg er påsken og 17. mai viktige vårhøgtider. Andre høgtider som høyrer våren til er bulgarsk martenitsa og japansk hanami.