Caliban er ein av månane til Uranus. Han går i bane i motsett retning av dei regulære månane, og er truleg eit objekt som har vorte fanga inn av Uranus.
Caliban vart oppdaga 6. september 1997 frå Palomar-observatoriet av Brett J. Gladman, Philip D. Nicholson, Joseph A. Burns og John J. Kavelaars.