Umbriel er ein av månane til planeten Uranus. Han vart oppdaga 24. oktober 1851 av William Lassell, samstundes med uranusmånen Ariel.
Yta til Umbriel har mange krater, men er særdeles mørk: ho reflekterer berre 16% av lyset som treff henne. Ein veit ikkje kvifor yta er so mørk.
Nær ekvator har Umbriel ein lys ring med ein diameter på kring 140 km. Det er uvisst kvifor ringen er so lys, men han kan vera isavsetjingar i samband med eit nedslagskrater.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
I hovudsak lista opp etter aukande avstand frå Uranus. |
Indre | |
---|
Større (runde) | |
---|
Ytre (ujamne) | |
---|