Trjokhgornyj (russisk Трёхго́рный) er ein lukka by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1952 og var tidlegare kjend under namnet Zlatoust-36. Namnet «Trjokhgornyj» tyder (ein by med) tre fjell.
Trjokhgornyj ligg ved elva Jurjuzan (russisk: Юрюзань) i den vestre delen av Tsjeljabinsk oblast, rundt 200 km frå Tsjeljabinsk. Han er ein lukka by fordi ein fabrikk som produserer delar til atomreaktorar ligg i byen.