Jemanzjelinsk (russisk Еманжелинск) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg på austsida av dei sørlege Uralfjella 50 km sør for Tsjeljabinsk.
Byen vart grunnlagd i 1757 som ein kosakklandsby og han har vore kjend som stanitsa Jemanzjelinskaja (russisk: Еманжелинская) sidan 1866. Han vart ein kolgruvebusetnad i 1930–1931 og fekk bystatus i 1951.