Ust-Katav (russisk Усть-Катав) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jurjuzan, 210 km vest for Tsjeljabinsk.
Byen ligg nær både den transsibirske jernbanen og «Ural-motorvegen» M5. Ust-Katav er mest kjend for fabrikken UKVZ (Ust'-Katavskiy Vagonostroitelniy zavod im. Kirova), som er produksjonstaden for den mest talrike trikkemodellem, KTM-5.