Trevor Bolder (9. juni1950–21. mai2013) er ein engelsk bassist, musikar, låtskrivar og produsent. Han er mest kjend for tida si i Uriah Heep og The Spiders from Mars, som ein periode var backingbandet til David Bowie. Han har òg spelt med mange andre musikarar sidan tidleg i 1970-åra.
I 1976 vart Bolder med i Uriah Heep, og erstatta John Wetton. Han var forholdsvis kort tid i bandet, men medverka på albuma Firefly, Innocent Victim, Fallen Angel og Conquest. Då bandet braut opp på byrjinga av 1980-åra vart Bolder med i Wishbone Ash, tilfeldigvis erstatta han igjen John Wetton, og spelte på albumet deira Twin Barrels Burning i 1982. I 1982 vart han igjen med i Uriah Heep, og spelte på Head First-turneen (sjølv om Bob Daisley speler på albumet) og alle albuma deira sidan.[2]
I tillegg til å spele bass, produserte òg Bolder albumet til Heep frå 1991, Different World.[3] Han song solo på «Fear Of Falling», ein av songane han hadde skrive for Sea Of Light i 1995.
Han er framleis medlem av Uriah Heep,[2] og har òg spelt med Cybernauts.