Torstad kyrkje

Torstad kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Nærøysund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Nærøy
Fellesråd Nærøy
Type langkyrkje
Arkitekt Arne Sørvig
Innvigd 1936
 •  Endringar 1976
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 120
Kart
Torstad kyrkje
64°53′41″N 11°21′42″E / 64.89472°N 11.36167°E / 64.89472; 11.36167
Wikimedia Commons: Torstad kapell

Torstad kyrkje, tidlegare Torstad kapell, er ei langkyrkje frå 1936 i Nærøy kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja ligg i bygda Torstad, på nordvestsida av halvøya Kvingla. Frå starten huste bygningen både skule og kapell, men i 1976 vart han ombygd til berre kapell. Bygget er i tre og har sitjeplassar til 120 personar.

Kyrkja ligg i Nærøy kyrkjesokn i Namdal prosti, ho låg i Nærøy prosti fram til 1. juli 2015 da det vart lagt ned og slått saman med Namdal.[1]

Kjelder

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Torstad kapell», s. 207
  1. «Nærøy og Namdal blir ett prosti». Nidaros bispedømme. 25. mars 2015. Henta 5. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff