Kolvereid kyrkje er ei langkyrkje frå 1874 i Kolvereid i Nærøysund kommune i Trøndelag fylke.
Bygget er i tre og har sitjeplassar til 350 personar. Kyrkja er teikna av Jacob Wilhelm Nordan.
Kyrkja ligg i Kolvereid kyrkjesokn i Namdal prosti, ho låg i Nærøy prosti fram til 1. juli 2015 da det vart lagt ned og slått saman med Namdal.[1]
Kjelder
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Kolvereid kirke», s. 209
Bakgrunnsstoff