Nærøya kyrkje, òg kalla Nærøy gamle kyrkje, er ein overbygd kyrkjeruin på Nærøya i Nærøysund kommune i Trøndelag. Kyrkja er frå 1100-talet.
Kyrkja brann i 1847 og gjekk etter det ut or bruk og kyrkjestaden vart flytt frå Nærøya til Lundring der Lundring kyrkje vart ny soknekyrkje.[1] Bygget stod so utan tak til sist på 1960-talet då frivillige syrgde for å gje henne skifertak.
Nærøya kyrkje har eit eige venelag som heiter Nærøykirkas venner.