Toons Mag er eit teikneseriemagasin som dannar ein global, nettbasert plattform for utgjeving av redaksjonelle teikneseriar, karikaturar, illustrasjonar og andre relaterte nyheiter. Det er ein fleirspråkleg utgjevar og arrangør av internasjonale teikneseriekonkurransar og utstillingar. Toons Mag vart grunnlagt i 2009 av teikneserieskaparen Arifur Rahman, som held til i Drøbak i Noreg.
Kort om grunnleggjaren og bakgrunnen
I 2007 byrja Arifur Rahman å teikne for det satiriske magasinet Alpin i Bangladesh.[1][2] Dette var eit morosamt bilag i avisa Prothom Alo.
I Alpin gjorde ein av teikneseriane hans narr av det å leggje til namnet Mohammed i byrjinga av namnet til ein person. Dette nådde eit høgdepunkt då ein ung gut introduserte katten sin som «Mohammed katt».[3][4] Teikneserien, som blei gjeven ut under den islamske høgtida ramadan, førte til protestar over heile Bangladesh og førte til at Arifur Rahman blei arrestert.[5][6][7][8][9][10]
18. september 2007 blei Alpin permanent forbode og redaktøren av Alpin blei utvist.[11] Avisredaktørar i Bangladesh bestemte seg for at dei aldri ville gje ut teikneseriane til Rahman i framtida. I fengsel drøymde Arifur Rahman om at han også ein dag ville få mogelegheita til å grunnleggje eit magasin som Alpin. 20. mars 2008, etter å ha sete i fengsel i seks månader og to dagar for å ha «såra religiøse kjensler», blei han sett fri, men hadde ikkje høve til å gje ut arbeidet sitt nokon stad.[12][13][14][15]
Eitt år seinare gav nokre aviser ut teikneseriane hans, men dei var alle gjevne ut anonymt. Dette var Arifur Rahman misnøgd med. Han hadde alltid ynskt å gje ut teikneseriane sine under sitt eige namn. Difor prøvde han å begynne eit teikneseriemagasin på trykk, men hadde ikkje nok pengar. Han bestemde seg så for å gje ut arbeidet sitt på nettet - ein billeg og enkel måte å nå eit globalt publikum på. I 2009 grunnla han Toons Mag Online Cartoon Magazine.[13]
Priser
I 2015 vann Toons Mag Bengali Best of online activism awards i The People's Choice-kategorien i Deutsche Welle i Tyskland.[16][17]
Toons Mag fremjar ytringsfridom gjennom teikneseriar, karikaturar og artiklar. Magasinet kjem ut på engelsk, bengali, arabisk, spansk and hindi.[13]
Teikneseriekonkurransar og utstillingar
Sidan 2015 har Toons Mag arrangert [[ein internasjonal teikneseriekonkurranse og utstilling for å støtte barnerettar, kvinnerettar, ytringsfridom og likestilling.
2015: Barn i krig
I 2015 arrangerte Toons Mag International Cartoon Contest and Exhibition Children in War med fokus på lidinga til barn i krig og konfliktområde, som Syria, Jemen, Afghanistan og Irak. Det var ei mobil utstilling som blei stilt ut på fleire steder i både Noreg og Sverige. 128 teikneserieskaparar frå 51 ulike land tok del.[18] 10. september 2015 blei utstillinga opna av biskop Atle Sommerfeldt i Avistegnernes Hus i Drøbak. Etter opninga blei ho stilt ut i Oslo, Nesodden, Bergen, Stavanger, Haugesund, Kristiansand og i Norrköping i Sverige. Arrangementet blei støtta av Avistegnernes Hus og Fritt Ord.[19][20]
2016: Kvinnerettar
Teikneseriekonkurransen blei arrangert av Arifur Rahman og Toons Mag, og tok imot 1 625 teikningar av 567 teikneserieskaparar frå 79 ulike land.[21] Ein liten del blei vist i The Women's Rights exhibitions, som opna i Drøbak, Bangalore og Uttar Pradesh i høve den internasjonale kvinnedagen, 8. mars 2016. Teikningane i utstillinga dekker rettane og avgrensingane til kvinner; mangelen på utdanning, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, vald, diskriminering, rettsvern og arbeidsmengde.[22][23]
10. desember 2016 blei ho stilt ut i Brain Sneezing Gallery i Wave Club i byen Prešov i Slovakia.[24]
Arrangementet blei støtta av Avistegnernes Hus, Fritt Ord, Indian Institute of Cartoonist, Brain Sneezing Gallery i Wave club i byen Prešov, EØS-middel, og Den slovakiske republikken.
Denne utstillinga blei utvikla i samarbeid med Arifur Rahman, som sjølv har vore eit offer for tortur og fengselsstraff for teikningane sine. 518 teikneserieskaparar frå 83 land tok del i konkurransen, og sende totalt inn 1 556 teikneseriar.
Utstillinga opna i tre land. Per Edgard Kokkvold, skribent og styremedlem i Kringkastingsrådet, tidlegare avisredaktør og generalsekretær i Norsk Presseforbund og leiar av Pressens Faglige Utvalg. innvigde utstillinga. Moddi Knutsen, ein norsk musikar, opna utstillinga og Roar Hagen, ein norsk politisk teikneserieskapar, kunngjorde prisvinnarane.[25]
I Indian Institute of Cartoonists i Bangalore opna direktøren for National Gallery of Modern Art, Dr. Sathyabhama Badhreenath, utstillinga.[26][27]
Ho blei også stilt ut i Kýchanie Mozgu – Brain Sneezing Gallery i Prešov og Košice i Slovakia, i tillegg til i den slovakiske ambassaden i Oslo.
Arrangementet blei støtta av Avistegnernes Hus, Fritt Ord, Norsk Litteraturfestival i Lillehammer, Brain Sneezing Gallery i Prešov og Indian Institute of Cartoonist. Seinare blei ho stilt ut i Eidsvoll.[28][29][30][31]