Sugar Mountain – Live at Canterbury House 1968 er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young. Den 8. til 10. november 1968 spelte Young tre konsertar i Canterbury House i Ann Arbor. Dette albumet består av opptak frå den 9. og 10. november.
Albumet kom berre ut på ei CD/DVD-samling, med ein DVD som inneheldt ein HD-lydversjon av albumet. DVD-en inneheld òg ein trailer Archives Vol. 1-boksen.
Innspelinga av songen «Sugar Mountain» frå denne konserten var tidlegare gjeven ut som B-side og på samlealbumet Decade i 1977.
Ei vinylutgåve av albumet kom ut i Japan i april 2009.