«Subterranean Homesick Blues» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Bringing It All Back Home i mars 1965. Månaden etter vart songen gjeven ut som singel og vart den første songen til Dylan som gjekk inn på Topp 40-lista i USA, då han nådde 39. plass. Songen var ein av dei første «elektriske» songane Dylan gjorde, og er òg kjend for den innovative musikkvideoen som følgde. Videoen var opphavleg ein del av D.A. Pennebaker-dokumentaren Dont Look Back.
Inspirasjon
Johnny's in the basement
Mixing up the medicine
I'm on the pavement
Thinking about the government
Den første linja i songen er ein referanse til kodeindestillering og interessa for politikk på denne tida: «Johnny's in the basement mixing up the medicine» ('Johnny er i kjellaren og blandar medisinen'), «I'm on the pavement thinkin' about the Government» ('Eg er på fortauet og tenkjer på regjeringa').[2] Songen omhandlar òg den veksande konflikten mellom dei vanlege arbeidarane og motrørsla som dukka opp i 1960-åra. Den aukande merksemda rundt narkotikabruk og uroa rundt Vietnamkrigen var begge i ferd med å ta grep om nasjonen og den ordrike teksten til Dylan var tett med hentydningar til element som akkurat hadde dukka opp i ungdomskulturen.[2]
Songen syner òg til striden rundt den amerikanske borgarrettsrørsla, som i «Better stay away from those / That carry around a fire hose» - 'Betre passa seg for dei som fer rundt med brannslangar'. Linja synte til fredelege demonstrantar som vart slått og sprøyta med brannslangar. Trass i den politiske teksten vart songen den første Topp 40-hitten til Dylan i USA.[3]
Ettermæle
Songen er av musikkmagasinet Rolling Stone plassert på 332. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[4] «Subterranean Homesick Blues» har hatt stor innverknad og er referert til av både musikarar og andre folk. Til dømes var tekstlinja «you don't need a weatherman to know which way the wind blows» inspirasjon for namnet til den amerikanske radikale venstregruppa Weathermen, som var ein utbrytar av Students for a Democratic Society.[5]John Lennon skal ha sagt at han var så fengsla av songen at han ikkje visste korleis han kunne klare å skrive ein song som kunne «konkurrere» med han.[6] Gruppa Firehose (tidlegare Minutemen-medlemmar) tok namnet sitt frå den kjende åtvaringa i songen: «Better stay away from those that carry around a fire hose...» I tillegg har opninga på siste verset, «Ah get born, keep warm», gjeve namn til debutalbumet til det australske garasjebandetJet, Get Born.
I tillegg at songen har hatt stor innverknad i musikkhistoria kom songen òg med ein av dei første musikkvideoane som vart laga. Klippet var i røynda opninga på ein dokumentarfilm av D. A. Pennebaker, Dont Look Back. Videoen vart av musikkmagasinet Rolling Stone ramgert på 7. plass i 1993 på lista deira over dei 100 beste musikkvideoane.[7] I videoen held Dylan fram små plakatar med ord og frasar frå teksten. Plakatane vart skrivne av Donovan, Allen Ginsberg, Bob Neuwirth og Dylan sjølv.[2] Medan han ser på kamera snur han plakatane i takt med musikken. Videoen vart filma i ei bakgate ved Savoy Hotel i London der Ginsberg og Neuwirth dukkar opp i bakgrunnen, i ein park og på taket av ein ukjend bygning.