Songen Pretzel Logic
«Pretzel Logic» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen, gjeven ut på singel av Steely Dan for albumet Pretzel Logic, opphavleg gjeven ut i 1974 av ABC Records.[3] Han nådde 57. plassen på Billboard-lista.[4] Billboard skildra «Pretzel Logic» som ein «bluesaktig rockehit» og roste vokalen, produksjonen og «det fengande instrumentale refrenget.[5] Rolling Stone-kritikaren Bud Scoppa skildra «Pretzel Logic» som ein av dei meir ordinære songane på albumet og kalla han ein «modifisert blues».[6] Medverkande
Andre versjonarI 1987 vart songen spelt av Hiram Bullock på albumet sitt Give It What You Got. Eit konsertopptak av INXS vart spelt inn på konserten Moontan Double J Concert At Manly Vale Hotel, October 1980. Ei innspeling finst på samleplata Stay Young 1979–1982. New York Rock and Soul Revue spelte han inn i 1991, leia av Donald Fagen. Songen vart framført av The Warren Haynes Band, frå Allman Brothers Band og Gov't Mule-leiaren Warren Haynes, som han skipa i 2010. I 2012 vart songen gjeven ut på albumet deira Live at The Moody Theater. Kjelder
|