Albumet selde godt og fekk god kritikk då det kom ut. Hitsingelen «Rikki Don't Lose That Number» vart mykje spelt på radio, etter at det førre albumet, Countdown to Ecstasy frå 1973, hadde skuffande salstal. Pretzel Logic kom ut på CD i 1987 og vart ommastra i 1999.
Innspeling og produksjon
Pretzel Logic vart spelt inn i The Village Recorder i Los Angeles.[3] Det vart produsert av Gary Katz og hovudsakleg skriven av Walter Becker og Donald Fagen, som òg var vokalist.[4] Albumet markerte byrjinga av Becker og Fagen i rollene som hovudmedlemmane i Steely Dan. Dei henta inn markante studiomusikarar frå Los Angeles for å spele inn albumet, men brukte dei berre for enkelte ekstra lydspor,[5] utanom trommene. Den opphavlege trommeslagaren Jim Hodder vart redusert til korsongar og vart erstatta av Jim Gordon og Jeff Porcaro på trommer på alle songane. Steely Dan-medlemmet Jeff «Skunk» Baxter spelte pedalsteelgitar og handtrommer.[4]
Pretzel Logic har kortare songar og færre soloar enn på Countdown to Ecstasy.[9] Steely Dan prøvde å oppnå heilskaplege musikalske uttrykk i løpet av tre minuttar lange popsongar.[4] Musikken på albumet er prega av harmoniar, kontramelodiar og bop-fraseringar.[9] Det legg òg ofte vekt på streit pop.[10] Dei synkoperte pianolinjene som opnar «Rikki Don't Lose That Number» utvikla seg til ein popmelodi og tittelsporet går over frå ein bluessong til eit jazza refreng.[9]
Steely Dan nytta ofta jazz i musikken sin i 1970-åra.[11] «Rikki Don't Lose That Number» har eit bassmønster frå Horace Silver-songen «Song for My Father» frå 1965,[11] medan «Parker's Band» har Charlie Parker–aktige riff og ein tekst som inviterer lyttaren til å «ta eit stykke av Mr. Parker's band.»[12] Gitarspelinga til Baxter var basert på både jazz og rock and roll. På Duke Ellington sin «East St. Louis Toodle-oo», imiterer han ein ragtime-aktig,sordintrombonesolo.[4] Visse songar nyttar instrument, som eksotisk perkusjon, fiolin, bjøller og horn.[4] Musikkritikaren Robert Christgau skreiv at soloane er «funksjonelle heller enn personlege og uttrykksfulle, låst fast i musikken».[12]
Utgjeving
Pretzel Logic kom ut på ABC Records den 20. februar 1974,[13] og selde godt.[10] Det nådde åttandeplassen på Billboard 200 og vart det tredje albumet deira som selde til gullplate i USA.[14] Etter dei skuffande salstala til Countdown to Ecstasy, sendte albumet dei igjen inn på radio med singelen «Rikki Don't Lose That Number»,[15] som vart den største hitten deira i heile karrieren, då han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[16] 7. september 1993 hadde Pretzel Logic selt til platinaplate USA for ein million selde eksemplar i USA.[13]
Pretzel Logic vart hylla av kritikarane då det kom ut.[10] Bud Scoppa frå Rolling Stone meinte at «den fantastiske, flytande ensemble-lyden» på albumet ikkje var høyrt før i popverda og sa at dei fleirtydige tekstane «skapte ein kjenslemessig ladd atmosfære, og dei beste er ganske påverkande.»[4]Down Beat meinte at «det finst ikkje ei betre rockegruppe i Amerika, og forbanna få i resten av verda.»[5] Christgau meinte at albumet var nyskapande og skreiv i Creem: «Musikken kan kallast jazza utan å verke fornærmande, og Donald Fagen og Walter Becker er den verkelege verda sitt svar på Robert Hunter og Jerry Garcia.»[23] I ei meir middels melding var Noel Coppage i Stereo Review imponert over musikken, men meinte «tekstane forvirrar meg. Kanskje dei veit kva dei snakkar om, meg eg har inga aning.»[24]
Mot slutten av 1974 vart Pretzel Logic kåra til årets album i magasinet NME,[25] og det hamna på andreplassen for 1974 i den årlege Pazz & Jop-kåringa blant kjende kritikarar i The Village Voice.[26] Christgau, som skapte kåringa, rangerte albumet på toppen av si eiga liste.[27] Han skreiv seinare at albumet innkapsla «den seige perversiteten til Steely Dan, like passande som tittelen», med vokal av Fagen som «verkar som eit gyldent middel av popvokal, strippa for drama og teknikk, nesten ... oppriktig, smålåten.»[12]
I The All-Music Guide to Rock (1995) gav Rick Clark albumet fem av fem stjerner og sa at det var Steely Dan si «mest suksessrike blanding av kjærleiken for jazz med ein stram pop/rock-stil.»[2] Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla plata det «rikaste albumet» deira og skreiv at låtskrivinga til Becker og Fagen hadde blitt «saumlaus, medan dei klarte å halde på særpreget og vere spanande tilgjengeleg.»[9]Stylus Magazine-skribenten Patrick McKay sa at det var eit «suverent» album og meinte dei «brukte seg av dei beste studiomusiakrane som kunne realisere dei stadig meir komplekse komposisjonane deira.»[28]Rob Sheffield skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004) at «låtskrivinga til Steely Dan og synginga til Fagen var på sitt beste: Heile albumet er feilfritt».[20]
Pretzel Logic har vore med på mange lister over beste album gjennom tidene.[29] I 1994 vart det rangert på 67. plassen i boka All Time Top 1000 Albums av Colin Larkin, som meinte at blandinga av jazz, R&B og pop var «særs nyskapande» og «større enn summen av partane»[30] (i den neste utgåva frå 2000 hadde albumet falle ned til 292. plassen).[31] I 2003 rangerte Rolling StonePretzel Logic på 385. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[32] og 386. plassen på den reviderte utgåva frå 2012.[33] På den oppdaterte lista deira frå 2020 var ikkje albumet med lenger. Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed MusicPretzel Logic på 403. plassen på lista over tidenes beste album, 114. plassen for 1970-åra og sjuandeplassen for 1974.[29]
English, Timothy (2007). Sounds Like Teen Spirit: Stolen Melodies, Ripped-Off Riffs, and the Secret History of Rock and Roll. iUniverse. ISBN0595906923.
Morse, Tim (1998). Classic Rock Stories: The Stories Behind the Greatest Songs of All Time. Macmillan. ISBN1429937505.