Katy Lied er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandetSteely Dan, gjeve ut i 1975 på ABC Records. Det selde til gullplate og nådde 13. plassen på den amerikanske albumlista.[1] Singelen «Black Friday» nådde 37. plassen på singellista.[2]
Albumet var det første etter den originale kvintetten Steely Dan bestod av vart oppløyst album. Tre av medlemmane slutta etter ein krangel om turnering og innspelinga. Donald Fagen og Walter Becker ønskte ikkje lenger å turnere og berre fokusere på album. Dei ønskte òg i aukande grad å bruke studiomusikarar, og spelte inn albumet med fleire prominente studiomusikarar frå Los Angeles. Det var første gongen songaren Michael McDonald song på eit Steely Dan-album. Jeff Porcaro, som då berre var 20 år gammal, spelte trommer på alle songane utanom «Any World (That I'm Welcome To)», som vart spelt av trommeslagaren Hal Blaine. Det var òg første gongen for Larry Carlton, som spelte gitar på «Daddy Don't Live in That New York City No More».
Bandleiarane Becker og Fagen var misnøgde med lydkvaliteten på albumet på grunn av eit nytt støyreduksjonssystem. Gruppa har hevda at skaden stort sett vart fiksa etter å ha snakka med teknikarar hos dbx, som leverte systemet, men Fagen og Becker nektar framleis å lytte til det ferdige albumet.
Albumet kom ut på ny på MCA Records etter at ABC Records vart kjøpt av MCA i 1979.
Konsept
Plateomslaget syner biletet av ein katydid, eit «syngjande» insekt i slekt med sirissar og grashopper. Dette er eit ordspel på platetittelen, som kjem frå ei linje i «Doctor Wu»: «Katy lies, you can see it in her eyes».
Sporet «Black Friday», som kom ut som den første singelen frå albumet, fortel soga ein skurkaktig spekulant som tener store pengar og rømmer til Australia. Muswellbrook, ein by i New South Wales, passa inn i teksten, som Fagen seinare forklarte: «Det var den staden som var lengst unna LA som me kom på... og sjølvsagt passa det takten i songen og rima med book». Dei som spelte på sporet var Michael Omartian på piano og David Paich på Hohnerelektrisk piano.[3]
I ei melding for The Village Voice i 1975, sa Robert Christgau at Katy Lied kan ha vore det «største» Steely Dan-albumet, men fann det «litt skuffande» på eit musikalsk nivå på grunn av tapet av gitaristen Skunk Baxter og det han såg på som «kul, cerebral, ein-dimensjonal» jazzgitar. Han innrømde likevel at han spelte plata ofte[13] og rangerte det som det tredje beste albumet i 1975 i kritikarundersøkinga Pazz & Jop,[14] der det totalt sett hamna på sjetteplassen.[15]John Mendelsohn var meir kritisk i Rolling Stone, og meinte at «uansett kor ulasteleg smakfullt og intelligent» musikken til Steely Dan kan vere i teorien, rørte det ikkje kjenslene hans og var berre «eksemplarisk godt utforma og uvanleg intelligent søppel». Mendelsohn meinte tekstane var interessante, men usynleg, musikalsk smakfullt og godt utført, men ikkje stimulerande, og røysta til Fagen er framleis unik, men tilsynelatande lidenskapslaus.[16]
Katy Lied vart seinare kalla «anonymt, heilt upåklageleg swing-pop» av Rolling Stone-skribenten Cameron Crowe, som ikkje såg at det «viser kjensler på billig vis»,[17] medan Travis Elborough meinte det ikkje var på nivå med Pretzel Logic frå 1974 eller Aja frå 1977 «men likevel der oppe med jazzrock-klassikarane».[18]Stephen Thomas Erlewine meinte det var ei meir raffinert utgåve av Pretzel Logic og «nok ei glimrande plate» frå Steely Dan i ei seinare medling for AllMusic.[4] I The Rolling Stone Album Guide (2004) sa Rob Sheffield at albumet fullførte ein trilogi av album, som byrja med Countdown to Ecstasy (1973), og som var «ei rockeutgåve av Chinatown, ei filmnoir-reise blant dekadente taparar, showbiz-folk og kokainmisbrukarar i L.A.».[11] Jazzhistorikaren Ted Gioia meiner at albumet er eit døme på at Steely Dan «syner at poprock kunne ha god nytte av ein sunn dose jazz», i ein periode då rockemusikarar ofte eksperimenterte med jazz..[19]