Shibolim (hebraisk skrift שִׁבֳּלִים, tyder Aks) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 4 000 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2008 hadde han 350 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd den 22. februar 1952 av immigrantar frå Iran og Kurdistan, som tidlegare hadde budd i Yakhini. Han vart i starten kalla Sharsheret Bet, før han fekk det noverande namnet, teken frå Tanakh.