Yoshivia (hebraisk skrift יוֹשִׁבְיָה) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 298 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Algerie på landområdet som tidlegare hadde høyrt til den fråflytta arabiske landsbyen al-Muharraqa. Han vart kalla opp etter Yuval Ben Yoshivia, eit medlem av Simon-stamma som budde i området og som er nemnt i Første Krønikebok 4:35.
Kjelder
Bakgrunnsstoff