Sharsheret (hebraisk skrift שַׁרְשֶׁרֶת, tyder 'Kjede') er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 6 000 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 290 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1951 med støtte frå Jewish Agency for Israel av Bnei Akiva-medlemmar som var immigrantar frå Tunisia. Namnet er ein kombinasjon av to ord, Sar (tyder Minister, skriven med bokstaven shin, og kan derfor òg uttalast «Shar») og Sharett (som syner til Moshe Sharett, som var utanriksminister då moshaven vart grunnlagd).
Kjelder
Bakgrunnsstoff