She Even Woke Me Up to Say Goodbye av Jerry Lee Lewis
She Even Woke Me Up to Say Goodbye er eit musikkalbum av pianisten og songaren Jerry Lee Lewis. Det kom ut på Mercury Records i 1970. BakgrunnShe Even Woke Me Up to Say Goodbye var det sjette albumet til Lewis for Mercury sidan comebacket hans i 1968 med Another Place, Another Time. Singelen frå albumet, «She Even Woke Me Up To Say Goodbye», klatra heilt til andreplassen på countrylista. Songen var skriven av mellom andre Mickey Newbury, som vart mest kjend for arrangementet sitt av «An American Trilogy», som Elvis Presley seinare gjorde kjend. Albumet vart spelt inn med Lewis på vokal og piano i lag med kremen av studiomusikarar i Nashville. She Even Woke Me Up To Say Goodbye kom ut i januar 1970 og nådde niandeplassen på countrylista til Billboard. Innhald
Kjelder
|