På baksida av plateomslaget er eit stort bilete av sjefen i Sun Records, Sam Phillips, som ser på Lewis ved pianoet i det kjende studioet hans i 706 Union Avenue i Memphis i Tennessee. Phillips, som då arbeidde med å marknadsføre den siste stjerna si, Lewis, skreiv òg i plateomslaget at Lewis «vert rekna som sjølve personifiseringa av rock and roll.»[2]
Cub Koda skildra utvalet på Jerry Lee Lewis som «ei rar blanding» som «manglar mange av dei beste songane hans», men at albumet likevel var «ein glimrande debut»[3]