Sefardar
Sefardisk familie i Bosnia på 1800-talet.
Jødisk feiring i Tétouan . Måleri av Alfred Dehodencq frå 1865.
Side frå Barcelona-haggadaen frå 1300-talet.
Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím , moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya [ 1] ) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal . Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland .[ 2] Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk -språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.
Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko , Algerie , Hellas , Tyrkia , og i tillegg mange jødar frå Italia , Frankrike , Belgia , Nederland , Storbritannia , Amerika og Israel . Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk , jødespansk eller portugisisk . Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino », som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk.[ 1] Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.
Kjende sefardiske jødar
Mosjé ben Maimón («Moses Maimonides», 1135–1204), filosof og jødisk teolog
Menasseh Ben Israel (1604–1657), portugisisk-nederlandsk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar
Benjamin Disraeli (1804–1881), britisk politikar
Karl Emil Franzos (1848–1904), austerriksk-sefardisk forfattar
Uriel Acosta (1585-1640), portugisisk-nederlandsk rasjonalistisk filosof
Baruch Spinoza (1632–1677), nederlandsk filosof
David Ricardo (1772–1823), britisk økonom
Grace Aguilar (1816–1847), engelsk forfattar
Camille Pissarro (1830–1903), fransk biletkunstnar
Darius Milhaud (1892-1974), komponist (sefardisk morfar)
Elias Canetti (1905–1994), bulgarsk-engelsk forfattar
Pierre Mendès-France (1907–1982), fransk-sefardisk sosialistisk politikar
Rita Levi-Montalcini (f. 1909), italiensk-sefardisk neurolog og nobelprisvinnar i medisin
Peter Sellers (1925-1980), britisk skodespelar og komikar (etterkommar av den sefardiske boksaren Daniel Mendoza )
Jacques Derrida (1930–2004), fransk filosof
Claude Cohen-Tannoudji (f. 1933), algersk-sefardisk nobelprisvinnar i kjemi
Murray Perahia (f. 1947), amerikansk konsertpianist
Bernard-Henri Lévy (f. 1948), algirskfødd fransk-sefardisk filosof og skribent
Hank Azaria (f. 1964), USA-amerikansk skodespelar
Sam Mendes (f. 1965), britisk-sefardisk teater- og filmregissør
Maurice Abravanel , dirigent
Baruj Benacerraf , immunolog, nobelprisvinnar i medisin
Judah P. Benjamin , britisk/amerikansk politikar og jurist
Benjamin N. Cardozo , amerikansk høgsterettsdommar
Anthony Caro , bilethoggar
Mario Castelnuovo-Tedesco , italiensk-sefardisk komponist
Eydie Gormé , amerikansk-sefardisk songar
Jehudá Halleví , diktar
Sidney Hart , britisk fagforeiningsleiar
Otto Klemperer , dirigent (sefardisk mor & askenasisk far)
David Levy , israelsk politikar
Salvador Luria , nobelprisvinnar i medisin
Daniel Mendoza , britisk boksar
Martinus M. Rodrigues Pereira
Neil Sedaka , songar
Alexander von Zemlinsky , komponist (sefardisk morfar)
Sjå òg
Kjelder
↑ 1,0 1,1
Lima, Geir. «Jødespansk» (27. november 2013). Store norske leksikon .
↑
Arntzen, Jon Gunnar & Groth, Bente. «Sefarder» (4. juni 2013). Store norske leksikon .
Bakgrunnsstoff