Nobelprisen i fysiologi eller medisin
1986
Rita Levi-Montalcini (22. april 1909–30. desember 2012)[1] var ein italiensk nevrobiolog og nobelprisvinnar. Ho vart tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med Stanley Cohen i 1986 for oppdaginga deira av tilvekstfaktorar som epiderm vekstfaktor og nervevekstfaktor.[2]
Levi-Montalcini vart også tildelt Albert Lasker Basic Medical Research Award same år.[3] Den 8. januar 1987 fekk ho storkrossen av Republikken Italias fortenestorden.[4]
I 2001 vart Levi-Montalcini livstidssenator i det italienske senatet.[5]
Kjelder
Bakgrunnsstoff