Rhea er den nest største av månane til Saturn. Han vart oppdaga i 1672 av Giovanni Domenico Cassini. Kratera på overflata har diameter opp til 75 km og fordelinga er irregulær, som tyder på ei variert geologisk historie. Tettleiken er særleg høg på den nordlege halvkula. Rhea har i følgje målingar med Cassini-sonden, ein særs tynn atmosfære.