Dione er ein av dei større månane til Saturn. Han ligg i snitt 377 400 km frå Saturn. Dione har ein gjennomsnittleg diameter på 1123,4 km. Han vart oppdaga av Giovanni Cassini i 1684.
Oppdagingar av Cassini-sonden
Observasjonar utført av romsonden Cassini har vist at Dione og Tethys er meir aktiv enn kva ein tidlegare har trudd. Begge månane kastar partiklar ut i verdsrommet, noko som tyder på geologisk aktivitet, kanskje til og med vulkanisme[3].