Roundabout
«Roundabout» er ein song av det engelske progressiv rock-bandet Yes, gjeven ut på albumet Fragile i 1971. Songen vart skriven av Jon Anderson og Steve Howe, og ein redigert versjon vart gjeven ut som singel i 1972, og ein konsertversjon vart gjeven ut som singel i 1973. Den er ein av dei mest kjende songane til Yes, samt den songen som er vorten framført oftast under konsertane deira.[1] Songen er 8 minutt og 30 sekunder lang. Ein redigert versjon på 3 minutt og 27 sekund vart gjeven ut som singel, og kom på 13. plass på Billboard Hot 100 i USA i 1971. StrukturSongen opnar med eit baklengs opptak av eit piano, som blir punktert av eit kort tema spelt på akustisk gitar med ein oktav-harmonisk teknikk i ein slags barokk-stil. Dette blir repetert, før gitaren avsluttar det korte opningstemaet og introduserer hovudtemaet saman med resten av instrumenta. Songen følgjer hovudsakleg konvensjonell rock-stil, med visse unntak. KonsertversjonarYes har spelt «Roundabout» under nærast alle konsertar sidan utgjevinga i 1971. På 1970-talet vart det framført ein versjon der opningstemaet vart spelt på elektrisk gitar, og sidan dei tekniske høva for betre lyd under konsertar for akustiske instrument betra seg på 1980-talet, vart det framført versjonar tett opptil originalinnspelinga. På midten av 2000-talet framførte Yes songen i ein akustisk blues/jazz-versjon. Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Roundabout»:
Versjon på ny-utgjevinga frå 2003På ny-utgjevinga av albumet Fragile frå 2003 finst eit «bonus-spor» med ein alternativ miks av songen. Denne versjonen er særs lik den ferdige og kjente versjonen, og varer i 8 minuttar og 35 sekunder. MedverkandePå originalinnspelinga frå 1971 medverkar:
Salslister
Kjelder
|