Fly from Here
Fly from Here er eit studioalbum frå det britiske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 2011. Albumet er det første reine studioalbumet til bandet sidan Magnification frå 2001. Dette er òg det første albumet til bandet med vokalisten Benoît David. Klaverspelaren Geoff Downes medverkar for første gongen sidan albumet Drama frå 1980. Produsent er Trevor Horn, som var vokalist på albumet Drama, og produsent på albumet 90125 frå 1983. Det er òg utgjeve ein spesialutgåve med ein bonus-DVD som inneheld ein dokumentarfilm om innspelinga av albumet. Albumet kom på 30. plass på UK Albums Chart i Storbritannia, 36. plass på Billboard 200 i USA og på 24. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[10] BakgrunnTittelsporet på albumet, «Fly from Here», er ein komposisjon som varar i 23 minutt og 49 sekund. Han består av tre hovudtema, og er delt opp i seks seksjonar med eigne spornummer som blir saman bunde av instrumentale mellomspel. Komposisjonen er hovudsakleg basert på låten «We Can Fly from Here», som vart skrive med tanke på albumet Drama, men som vart utelate. Ein konsertversjon av «We Can Fly from Here» vart utgjeve på samlealbumet The Word Is Live i 2005. Etter at Downes og Horn forlét Yes i 1981, spelte dei inn ein demoversjon som The Buggles. Denne versjonen var meint for albumet Adventures in Modern Recording, men vart nok ein gong utelate. Denne demoversjonen var med som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording. Låta «Life on a Film Set» er basert på The Buggles-demoen «Riding a Tide», som òg vart utgjeve som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording. Dei andre songane er nye komposisjonar. Plateomslaget er designa av Roger Dean, som har stått bak ei rekkje av plateomslaga til Yes. Omslaget er frå eit måleri Dean starta å måle ein gong på 1970-talet. Måleriet vart fullført først i 2011 då banda ynskte å nytte det til dette albumet. Sporliste
Bonus-DVD – Spesialutgave
Medverkande
Andre medverkande
Salslister
Kjelder
|