The Ladder er det sekstande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve september 1999. Dette albumet blir rekna som den definitive returen til stilen deira frå 1970-talet, sjølv om det er særs moderne i lydmiksinga. Dette er det første albumet der Igor Khorosjev medverkar som fulltidsmedlem.
Gitarist og klaverspelar Billy Sherwood var hovudsakleg han som produserte det førre albumet, Open Your Eyes. Bandet søkte no etter ein ekstern produsent og fann canadiskeBruce Fairbairn for å få objektive øyre og tankar. Sherwood var no nærast degradert til «andregitarist» i bandet etter at Khorosjev tok over tangentane.
Sjølv om innspelingane gjekk over all forventning og alle var særs nøgt med resultatet, enda avslutninga av albumet tragisk. Rett før dei siste vokalopptaka og den siste lydmiksinga, døydde Bruce Fairbairn. Han vart funnen i sin eigen heim av vokalisten Jon Anderson, og Yes har tileigna albumet til Fairbairn.