Rite Time er det tolvte og siste studioalbumet til Can, gjeve ut i 1989. Det vert rekna som eit gjenforeiningsalbum på grunn av tida det tok sidan det førre albumet deira, Can, som kom ut i 1979. Albumet består av innspelingar gjort i Sør-Frankrike seint i 1986 og sidan miksa mykje dei neste åra. Rite Time er òg kjend fordi det har med den første songaren i bandet, Malcolm Mooney, på vokal. Han slutta opphavleg i gruppa i 1970 etter debutalbumet Monster Movie.