Future Days er det femte studioalbumet til den tyske rockegruppaCan. Dette var det siste albumet deira med den japanske vokalisten Damo Suzuki. På dette albumet nyttar bandet ein meir ambient stil enn på dei tidlegare albuma, særleg på tittelsporet og på den tjue minuttar lange «Bel Air».
Musikk
På Future Days nyttar bandet element av ambient, som dei hadde utforska på tidlegare plate, og «unngår stort sett meir tradisjonelle rockesongstrukturar og i staden skapar disige, vide lydlandskap dominert av sivande rytmar og stemningsfulle lag av klaver».[1]PopMatters skreiv at «Det kjennest som om Future Days er drive av ein kystbris, og utstråler ein meir behageleg, avslappa stemning enn noko bandet hadde spelt inn før.»[4]
Ettermæle
Albumet vart rangert på åttandeplassen på Rolling Stone si liste over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[5]Pitchfork kåra det til det 56. beste albumet i 1970-åra.[6] I 1995 kåra Mojo albumet til det 62. beste gjennom tidene.[7]