Jaki Liebezeit (26. mai1938–22. januar2017)[1] var ein tysk trommeslagar og truleg mest kjend som ein av musikarane som starta Can. Han er blitt kalla «ein av få trommeslagarar som på overtydande vis kan blande det som er funky med det som er intellektuelt».[2]
Han flytta seg så mot dei nye høva som opna seg med psykedelisk musikk som medlem av Can. Tromminga hans var ein viktig del av stilen til bandet, særleg på songar som «Halleluhwah» på Tago Mago. Liebezeit er mest kjend for den eksepsjonelle «metronom-stilen» hans og dei andre medlemmane i Can har sagt at han høyres ut som «halvt menneske, halvt maskin».