Pho (vietnamesiskphở, uttalt anten cfʌ, fə, fər eller fəʊ;[1]Høyr) er ei vietnamesisksuppe av kraft, nudlar, grøne grønsaker og/eller urter og ulike typar kjøt.[2][3]
Mest vanleg er storfe (pho bo) eller kylling (pho ga).[4]
Retten er utbreidd som snøggmat og finare restaurantmat i Vietnam,[5] og blir ofte kalla den vietnamesiske nasjonalretten.[6]
Pho kan etast alle tider på døgeret. Det er vanleg å eta suppa med etepinnar og suppeskei.
Suppa kan førast tilbake til Nord-Vietnam tidleg på 1900-talet. Opphavet er dårleg dokumentert,[7][8] og både dei kulinariske påverknadane på retten og ordsoga til sjølve ordet er omstridde.[9] Pho blei spreidd til resten av verda takka vera flyktningar etter Vietnamkrigen.[10]
Ingrediensar og tillaging
Kjøt og kraft
Tradisjonell pho-kraft tek fleire timar å laga.[11]
For pho med storfekjøt koker ein storfebein og magert kjøt som oksehale, bryst eller flankesteik/slagside. I Sør-Vietnam kan ein også bruka sener, mage eller kjøttbollar. Høns eller kylling kan brukast på liknande vis, eventuelt med nok innvolar som hjarte, uutvikla egg og krås.[12][11]
Kjøtet blir kokt saman med lauk og ingefær og laukt som er blitt steikt på sterk varme, i blant over open eld, og ulike krydder. Vanlege krydder er vietnamesisk kanel (Cinnamomum loureiroi) eller andre kaneltypar, stjerneanis, svart kardemomme, koriander, fennikel og nellikspiker. Dersom dei blir brukt heile koker ein dei ofte oppi ein pose slik at dei ikkje flyt laust i suppa. Det går også an å bruka krydder i pulverform. Mot slutten av koketida kan ein tilsetja fiskesaus (Nước mắm).
For å halda krafta klar er det vanleg å ta ut skum og liknande som flyt til toppen av suppa.
Nudlar
Nudlane brukte i pho er flate risnudlar, som regel av typen bánh phở eller kuy teav (hủ tiếu).[13] Nordlege variantar er gjerne litt breiare enn dei frå Sør-Vietnam. Pho-nudlar blir laga av ris av god kvalitet. Dei er svært kvite, litt klisset og smaker litt syrleg.[6]
Det finst fleire ulike regionale variantar av pho i Vietnam, med eit særleg skilje mellom «nordleg pho» (phở bắc) og «sørleg pho» eller «Saigon-pho» (phở Sài Gòn). Nordleg pho har gjerne litt vidare nudlar og meir vårlauk, og blir typisk berre servert med eddik, fiskesaus og chilisaus. Sørleg pho har gjerne ei litt søtare kraft og blir servert med bønnespirer og fleire ferske urter. Også anna tilbehøyr ser ut til å ha oppstått i sør.[7]
Pho med ekstra feit kraft (nước béo) blir servert med vårlauk som mildnar smaken. Hành dấm, ein lauk i eddik, er ein populær siderett
Internasjonale pho-variantar kan vera vegetariske (phở chay), med tofu og grønsakkraft, og kan ha andre typar grønsaker, som gulrot og brokkoli. Andre nudeltypar kan brukast der pho-nudlar ikkje er å få tak i.
Etestader og auksjonar
Ei av dei største serveringskjedene i Vietnam er Pho 24, med rundt 60 serveringsstader i Vietnam og 20 i utlandet.[15] Ei USA-amerikansk verksemd er Phở Hòa, som har over 70 serveringsstader i sju land.[16][17][18]
Pho-nudlar blir også brukt i fleire andre vietnamesiske rettar, som wok-steikt pho (phở xào), sautert pho (phở áp chảo), pho-vårrull (phở cuốn) og sur pho (phở chua).[21] Andre populære vietnamesiske nudelrettar er bún riêu, bún bò Huế (ei anna storfe-nudelsuppe), bún chả, hủ tiếu, bún thịt nướng, og mì Quảng.[22]
«pho (British & World English)», Oxford Dictionaries (Oxford University Press), arkivert frå originalen 7. august 2013, henta 23. august 2013, «a type of Vietnamese soup, typically made from beef stock and spices to which noodles and thinly sliced beef or chicken are added. Origin: Vietnamese, perhaps from French feu (in pot-au-feu)»
↑Scripter, Sami; Yang, Sheng (2009). Cooking from the Heart: The Hmong Kitchen in America. University of Minnesota Press. s. 25. ISBN1452914516. «Phở is made with small (1/16-inch-wide) linguine-shaped rice noodles labeled ‘bánh phở’.»
↑Thanh Nien staff (3 February 2012). «Vietnamese street food a gourmet’s delight». Thanh Nien News. Arkivert frå originalen 24. mai 2012. Henta 15. oktober 2012. «A visit to Vietnam would never be complete, Lister said, without the taste of food on the street, including phở - beef noodle soup,...»
↑ 7,07,1Nguyen, Andrea Q. «History of Pho Noodle Soup». San Jose Mercury News, reprinted at Viet World Kitchen. Arkivert frå originalen 18. november 2012. Henta 22. oktober 2011.
↑Greeley, Alexandra (Winter 2002). «Phở: The Vietnamese Addiction». Gastronomica (Oakland, California: University of California Press) 2 (1): 80–83. ISSN1529-3262. doi:10.1525/gfc.2002.2.1.80 – via JSTOR. (krev abonnement (help)).