Krås eller muskelmage (latin ventriculus) er ein del av fordøyingssystemet til fuglar. Han er den største og kraftigaste delen av magesekken deira. Kråsen har gjerne sterkt muskuløse veggar og indre hornaktig overtrekk. Føda blir krysta og elta av musklane i kråsen. Fuglar som lever av harde fødeemne kan også sluka ein del småstein som gjer kråsen til eit svært effektivt tyggeapparat.