Paul Samwell-Smith

Paul Samwell-Smith

Fødd8. mai 1943 (81 år)
FødestadLondon Borough of Richmond upon Thames
FødenamnPaul Smith
OpphavRichmond, Surrey, England
AktivSidan 1960-åra
SjangerBlues rock, psykedelisk rock
InstrumentBass, vokal, gitar, klaverinstrument, perkusjon
Tilknytte artistarThe Yardbirds
Renaissance
Box of Frogs
PlateselskapIsland
Verka somMusikar, plateprodusent

Paul Samwell-Smith (fødd 8. mai 1943 som Paul Smith) er ein britisk musikar mest kjend som opphavleg medlem og bassist i det engelske bandet The Yardbirds i 1960-åra, ei gruppe som starta karrieren til kjende musikarar som Jeff Beck, Eric Clapton og Jimmy Page. Samwell-Smith gjekk på skule i lag med Yardbirds-trommeslagaren Jim McCarty.

Medan han var i The Yardbirds var Samwell-Smith både produsent og lydteknikar på innspelingane deira, og arbeidde i lag med produsentar som Mickie Most, Simon Napier-Bell og Giorgio Gomelsky. Han slutta i The Yardbirds i juni 1966 for å satse på ein karriere som produsent.

Tidleg i 1980-åra spelte Samwell-Smith i bandet Box of Frogs i lag med dei originale Yardbirds-medlemmane Chris Dreja og Jim McCarty. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Yardbirds i 1992.

Produsent

Samwell-Smith fekk stor suksess som produsent og produserte suksessrike album for Cat Stevens, Jethro Tull, Carly Simon, Renaissance, Murray Head, Chris de Burgh, Beverley Craven, Illusion og Claire Hamill, i tillegg til to album for Amazing Blondel for Island Records og dei to første albuma til All About Eve for Mercury. Samwell-Smith var òg medprodusent «American Tune» med Paul Simon.

Kjelder