I ei melding for AllMusic kalla Richie Unterberger songen «ein av dei dystraste hitsinglane i heile 60-talsrocken frå Storbritannia» og la til:
«
Han inneheld alle triksa til Gouldman på midten av 60-talet: fleire brå tempoendringar, ein uforgløymeleg Midtausten-aktig melodi med mange mollakkordar, ein tekst som på ein ynkeleg måte lid for kjærleiken til ei kvinne og smidig bruk av fleire motsetjande delar.[1]
»
The Yardbirds spelte inn songen i Advision Studios i London, den 23. august 1965.[3] Då han kom ut 1. oktober 1965 i Storbritannia vart han ein del av ei dobbel A-side med «Still I'm Sad» på andre sida.[4]Record Retailer-lista tok med begge sider og førte han opp på tredjeplassen.[4]NME si singelliste rapporterte songane kvar for seg med «Evil Hearted You» på 10. plassen og «Still I'm Sad» på niande.[4] Songen kom ikkje ut på singel i USA, men var med på albumet Having a Rave Up,[5] som kom ut 15. november 1965.