Nedre Eiker kyrkje er ei langkyrkje i Drammen kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vart oppført i 1858–60, og interiøret vart endra i 1957. Kyrkja vart sett i stand til 150-årsjubileet i 2010.
På ein del av kyrkjegarden nord for den gamle riksvegen står eit gravkapell frå 1915/16 (ombygd i 1950-åra etter teikningar av Carsten Lien).