Sylling kyrkje er ei langkyrkje i Lier kommune i Buskerud fylke. Kyrkja avløyste ei mellomaldersteinkyrkje og vart oppført i 1851–52. Tårnet vart oppført i 1877. Interiøret vart endra i 1947–52, og kyrkja vart sett i stand til 150-årsjubileet i 2002.
På kyrkjegarden står eit gravkapell frå 1917. Det vert nytta som kyrkjestove og har òg bårerom.
Litteratur
Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 543. ISBN82-7527-022-7.