Nærsnes kyrkje er ei langkyrkje i Asker kommune i Akershus fylke. Bygget vart oppført som bedehus i 1893 og innvigd som kapell i 1900. I 1924–25 vart det bygd om etter planar av arkitekt Alfred Christian Dahl. Det vert i dag titulert som kyrkje.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Ein nyttar kyrkjegarden i Slemmestad.
Litteratur
Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 545. ISBN82-7527-022-7.