Berger kyrkje er ei langkyrkje i Svelvik i Viken fylke.
Kyrkja vart teikna av Schak Bull og innvigd i 1895. Dei same teikningane vart kort tid etter nytta ved bygginga av Ytre Arna kyrkje. Kyrkja vart omfattande restaurert i 1948–49 og var i privat eige fram til 1970.
På kyrkjegarden står eit bårehus frå 1989.