Den 27. mars2011 vart det innført «permanent sumartid» i heile Russland i samanheng med overgangen til sumartid.[1] Moskvatida blei då låst til fire timar framføre UTC (UTC+4).
Den 26. oktober2014 blei dette endra igjen, og Russland har etter dette «permanent vintertid». Dermed ligg Moskvatid no tre timar framføre UTC UTC+3.[2].
I følgje eit dekret frå Folkekommissærane sitt råd frå 16. juni 1930 blei det innført dekrettid, som innebar at det blei lagt til ein time for alle tidssonene i Sovjetunionen, slik at moskvatid blei liggande tre timer føre UTC.
Moskvatid blir brukt til rutetabellar for tog, fly, skip, osb. over heile Russland. Moskvatid blir òg registrert på telegram og liknande, og blir ofte også brukt av radio- og TV-stasjonar over heile landet.