Dry Valleys fekk dette namnet på grunn av den ekstremt låge fukta og mangelen på snø- og isdekke. Dei er òg tørre fordi fjella kring dalen er høge nok til å blokkere isstraumen frå Det austantarktiske isdekket. Med eit areal på 4800 km2 dekkjer dalane kring 0,03 % av kontinentet, og dannar den største isfrie regionen i Antarktis. Dalbotnen er dekkja av laus grus, der ein kan sjå strukturmark i form av iskiler.[2]
Dei unike tilhøva i Dry Vallyes kjem delvis av katabatisk vind. Desse oppstår når kald, tung luft vert dradd ned fjellsider av tyngdekrafta. Desse vindane kan nå ein styrke på 320 km/h eller nesten 90 m/s, og vert varma opp når dei fell ned, slik at alt vatn, is og snø fordampar.[3]
Geologi
Dalane skjer gjennom Beacon Supergroup, i tillegg til eldre granittar og gneisar frå Ross-orogenesen. Morene, avsette direkte på isen, finst langs berggrunnen. DEsse morenene er relativt tynne og spreidde, og skil seg stort frå dei svære, gjørmerike morenene på den nordlege halvkula. Ei av årsakene til dette er at morenene i Dry Valleys vart avsette is med kald botn, medan morenene i nord stort sett vart avsett i våte tilhøve med stort smelting av undersida av breane og breoverflata.
Liv
Endolittiskefotosyntetiske batkeriar finst i Dry Valleys, verna av den tørre lufta i relativt i det relativt fuktige indre av steinane. Smeltevatn frå breane om sommaren dannar ei primærkjelde for jordnæringsstoff. Forskarar reknar Dry Valleys som kanskje det næraste ein kjem miljøet på planeten Mars og kan dermed gje viktig innsikt i mogeleg utanomjordisk liv.
Somme av innsjøane i Dry Valleys er av dei saltaste i verda, og saltare enn Assalsjøen og Daudehavet. Den saltaste av dei alle er den vesle Don Juan Pond.
↑Rejcek, Peter (29. november 2007). «In the cold av night»(web). Science team do seasonal work until April to study lake ecosystem i McMurdo Dry Valleys. The Antarctic Sun. Henta 25. februar 2014.