Bensonbreen er ein isbre som er kring 22 km lang, og drenerer den austlege delen av Flight Deck Neve og held fram austover mellom Frybreen og Mackaybreen til den nordlege delen av Granite Harbour der han dannar ei flytande bretunge. Han vart kartlagt i 1957 av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58), og indikert som ein lengre isbre inkludert den noverande Midshipbreen. Han vart namngjeven av eit lag etter W.N. Benson, geologiprofessor ved University of Otago på New Zealand, som studerte petrologi i Victoria Land.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bensonbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).