Fotosyntese er ein biokjemiskprosess der planter, algar og nokre bakteriar utnyttar energien i sollyset til å produsere glukose av vatn og karbondioksid. Fotosyntesen er den viktigaste kjemiske reaksjonen på kloden. Utan fotosyntesen kunne det ikkje ha vore liv på jorda slik vi kjenner det i dag.[1][2] Ordet fotosyntese tyder 'å setje saman ved hjelp av lys'. Det er som regel sollyset som er drivkrafta i fotosyntesen, som føregår i kloroplastane i dei grøne blada.
Det finst mange variantar av fotosyntetiske prosessar som varierer mellom ulike artar. Likevel er det ein del element som går i gjen. Lys blir absorbert i klorofyllhaldige protein, fotosyntetiske reaksjonsentarar. Hjå plantar finn ein desse i kloroplasten, og hjå bakteriar finn ein dei i cellemembranen. Lysenergien blir brukt til å redusera vatn, og utnytta den frigjorte energien til å syntetisere ulike organiske samband slik som adenosintrifosfat (fotofosforylering) og glyseraldehyd 3-fosfat (calvinsyklus).
↑«Fotosyntese» (på norsk bokmål). Institutt for biovitenskap ved UiO. Henta 31. mars 2023.
↑Berner jr., Endre; Aarnes, Halvor. «fotosyntese» (på norsk bokmål). Store norske leksikon på snl.no. Henta 31. mars 2023. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)