Man on the Rocks
Man on the Rocks er det 24. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 3. mars 2014 på Virgin EMI.[3] Albumet er det andre heile albumet til Oldfield utan instrumentalar og berre kortare songar etter Earth Moving i 1989.[4][5][6][7][8][9][10][11] Innspeling og produksjonMan on the Rocks vart produsert av Stephen Lipson i lag med Oldfield.[12] Musikarane på albumet er bassisten Leland Sklar, trommeslagaren John Robinson, klaverspelaren Matt Rollings, gitaristen Michael Thompson og songaren Luke Spiller i lag med Oldfield sjølv på gitar. Akkompagnementet vart spelt inn i juni 2013 i Studio D i Village Studios i Los Angeles. Oldfield deltok sjølv på desse innspelingane via Skype. Oldfield spelte òg inn delar av albumet i heimestudioet sitt på Bahamas.[13] Det var det første albumet til Oldfield attende på Virgin etter han forlet Virgin Records i 1990-åra. Dette skjedde då Mercury Records UK og Virgin Records vart slått saman eter Universal Music kjøpte EMI. UtgjevingMan on the Rocks kom ut 3. mars 2014 på enkel CD, dobbel CD, dobbel vinyl, farga vinyl, digital nedlasting og i ein plateboks. Dei to platene i luksusutgåva inneheld albumet og ei instrumental plate. Plateboksen, som berre kunne kjøpast gjennom den offisielle heimesida til Oldfield, inneheld det same som luksusutgåva, i tillegg til demoar av songane og fire alternative miksar. «Sailing» vart gjeve ut på singel og det vart laga musikkvideo til songen.[14] Mottaking
Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. Kritikarane skreiv om kontrasten frå dei progressive rockeverka til Oldfield, som Tubular Bells, og dette labumet som gjekk meir mot streit rock. The Guardian kalla albumet «ei nysgjerrig, men sympatisk avleiing frå dei mange laga av new-age-musikk han har laga tidlegare.» InnhaldPlate 1Alle spor skrivne av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde.
Plate 2 - luksusutgåve
Plate 3 - Bonusplate (superluksus utgåve)
Medverkande
Salslister
Kjelder
|