Han starta karrieren i 1966 og var ein viktig del av San Francisco-gruppa Sons of Champlin. I 1981 vart Champlin medlem av Chicago, der han har vore sidan, medan han stundom har gjeve ut soloalbum, stundom berre i Japan. Han har hatt to singlar på singellista i USA, i 1982 med «Tonight Tonight» og «Sara», ein duett med Patti LaBelle på «The Last Unbroken Heart» frå filmmusikken til TV-serien Miami Vice i 1987, og han song med Brenda Russell på jazzsaksofonist Tom Scott sitt Keep This Love Alive i 1991.