Chicago 13 er det 11. studioalbumet av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1979. Det var oppfølgjaren til Hot Streets og vert ofte slakta av kritikarane. Dette var det siste albumet med sologitaristen Donnie Dacus, som hadde erstatta den avdøde, opphavlege sologitaristen Terry Kath året før. Alle bandmedlemmane medverka med låtskrivar.
Bakgrunn
Etter innspelinga var over i Morin-Heights i Quebec og Hollywood kom Chicago 13 ut i august 1979. Bandet gjekk attende til å nummerere albuma sine og syne logoen sin på framsida. Singelen til Donnie Dacus, «Must Have Been Crazy», kom ut før albumet. Chicago 13 var det første Chicago-albumet utan hitsinglar. Med negative meldingar nådde Chicago 13 berre 21. plassen i USA, men selde til gullplate. Ikkje lenge etter albumet og turneen, fekk Dacus sparken utan noko forklaring på kvifor.
I 2003 vart Chicago 13 remastra og gjeve ut på ny Rhino Records med ei B-side, Dacus sin «Closer To You» (eit unytta opptak frå Hot Streets-innspelinga), og ein 12-tommarsmiks av «Street Player» som bonusspor. Songane «Street Player» og «Closer To You» hadde tidlegare vore gjevne ut av andre artistar: «Street Player» av Rufus, som spelte han inn før Chicago; og «Closer» av Stephen Stills, men med Donnie Dacus på solovokal. «Street Player» vart til slutt ein hit, då han vart sampla for både hitten «The Bomb! (These Sounds Fall into My Mind)» av The Bucketheads i 1995 og «I Know You Want Me (Calle Ocho)» av Pitbull i 2009, og til slutt i ein remix i 2013 av dance-produsenten Tradelove.[3]