Kroppen til hoa er 9–10 mm lang, medan kroppen til hannen er 6–9 mm og noko smalare enn den til hoa. Kroppen er tett dekt av korte hår. Han er lyst gulbrunleg med nokre mørkare flekker. Beina er lange og slanke.
Arten er nært i slekt med den noko større og ofte vanlegare store husedderkoppen, men kan skiljast frå denne ved å ha mørkare ringar på beina.
Levesett
Liten husedderkopp lever i hus og finst over heile verda. Han spinn tette nett som endar i ei trakt. Edderkoppen føretrekkjer litt mørke stader, som krokar, bak gjenstandar og oppunder tak. Hoa kan klara seg utan mat og drikke i fleire månader. Husedderkoppen er heilt ufarleg for menneske, og stikk seg raskt bort om han blir forstyrra.