Le Bataclan '72 er eit konsertalbum av Lou Reed, John Cale og Nico. Det vart spelt inn frå miksepulten og var mykje piratkopiert i åra før det omsider vart offisielt gjeven ut i 2004.
Denne offisielle utgjevinga inneheld to eksklusive bonusspor (begge øvingar, «Pale Blue Eyes» og «Candy Says»). Dette er den legendariske konserten frå Bataclan i Paris den 29. januar 1972. Konserten var første gong Reed, Cale og Nico var på scenen i lag etter at The Velvet Underground vart oppløyst.