Klaus Voormann (fødd 29. april1938) er ein tysk grafikar, musikar og plateprodusent. Han laga plateomslag for mange band, som The Beatles, Harry Nilsson, Bee Gees, Wet Wet Wet og Turbonegro. Det mest kjende arbeidet som produsent var då han arbeidde med bandet Trio, inkludert den store hitten «Da Da Da». Som musikar er Voormann mest kjend som bassist for Manfred Mann frå 1966 til 1969, og som studiomusikar på ei rekkje innspelingar, mellom anna «You're So Vain» av Carly Simon og mange av tidlegare Beatles-medlemmar.
Han vart kjend med The Beatles då dei var i Hamburg tidleg i 1960-åra. Han budde i leilegheita til bandet i London med George Harrison og Ringo Starr etter at John Lennon og Paul McCartney flytta ut for å bu med sine kjærastar, og laga plateomslaget til Revolver,[1] som han vann Grammyprisen for. Etter bandet var oppløyst gjekk det løyse rykte om eit band kalla The Ladders som skulle bestå av Lennon, Harrison, Starr og Voormann. Dette vart aldri noko av, men desse fire (pluss Billy Preston) spelte på Ringo Starr-songen «I'm the Greatest». Voorman spelte òg på album av Lennon, Harrison og Starr, og var ei stund medlem i Plastic Ono Band.[1] I 1990-åra laga han plateomslaga til Beatles Anthology-albuma.
I 2009 gav han ut det første soloalbumet sitt, A Sideman's Journey, med mange kjende musikarar, mellom anna dei to attverande Beatles-medlemmane.
Mann Made Hits ·Soul of Mann ·What A Mann ·Chapter Two: The Best of the Fontana Years ·Basic: Original Hits ·The Best of Manfred Mann: The Definitive Collection ·The Best of the EMI Years ·Manfred Mann at Abbey Road, 1963-1966 ·BBC Sessions ·Very Best of Manfred Mann ·The Story ·Classic Masters ·The Evolution of Manfred Mann ·Complete Greatest Hits