Peter Frampton valde å bli verande med Humble Pie sitt amerikanske selskap, A&M, etter han slutta i det bandet i 1971. Han sette saman ei imponerande samling musikarar for innspelinga av debutalbumet, med Ringo Starr,[3]Billy Preston, Spooky Tooth-medlemmane Mick Jones og Mike Kellie, og det tidlegare Herd-medlemmet Andy Bown.
Det sjølvproduserte debutalbumet vart spelt inn med Chris Kimsey som lydteknikar. Han hadde arbeidd på Humble Pie sitt Rock On. Kinsey introduserte ei melodisk følsemd som stod i kontrast til den bråkete boogie-rocken som prega stilen til Humble Pie, og la særleg vekt på den akustiske gitarspelinga til Frampton.
Songane på Wind of Change er hovudsakleg bygde kring akustisk gitar, men songar som «It's a Plain Shame» og «All I Want To Be (Is By Your Side)» har ein hardare rockestil. Det same har versjonen av Rolling Stones sin «Jumpin' Jack Flash», som var den einaste coverlåten på albumet.
↑ 3,03,1Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 114. ISBN0-345-25680-8.